Huskyrkjer

Storsamling har fleire huskyrkjer som samlast i heimane. Ei huskyrkje er ein møteplass kor ein samlast ansikt til ansikt, deler kvardag, liv og Guds ord. Bibelen beskriv også at dei fyrste kristne møttes på denne måten. Dei fyrste kristne åt saman, ba, samtala, delte Guds ord, song og feira nattverd saman. Dette var nærfamilien deira. På denne tida var ikkje kyrkja festa til eit bygg eller eit tidspunkt på syndagar. Kyrkja var levande menneske, som prøvde å følgja Jesus. Slik er det framleis. 


Våre huskykjer møtes om lag annankvar veke. Her får ein eit mindre fellesskap, kor ein kan skapa relasjonar, be, dela behov og støtta kvarandre i tru og kvardag, slik at ein kan veksa som Jesu disippel. Målet er at ein skal veksa i si personlege tru og støtte kvarandre i vandringa med Jesus. Ein får også ei sterkare tilknyting til Storsamling, kor ein treff dei same folka og ikkje står åleina. Velkommen til våre huskyrkjer!